Blogg

FJELLSOMMAR I JOTUNHEIMEN 

Høyrokampen i Jotunheiem

Sugen på syden – eller freista til fjells? Du er ikkje aleine om å fundere på kva du skal fylle feriedagane med i sommar.  

Vi slår eit slag for norgesferie – og oppmodar deg til å komponere ein aktiv og smakfull sommarferie ispedd ei god dose høgfjell- og bygdemagi…! 

I Jotunheimen er det irrgrøne fjellvatn friskare og reinare enn eitkvart «sydenhav». Det er utsyn som tek frå ein pusten – sjølv om du ikkje går heilt til topps. Kokkane kan å skjemme bort gana di – og det er generelt heilt vanleg å «gape over for mykje»- og da meiner vi ikkje berre over ein kanelbolle frå bakeriet… 

Anten du reiser aleine, men vennegjengen eller familien, så innbyr det vilte høgfjellsterrenget i Jotunheimen til uteglede for både store og små. Nasjonalparken midt i Norge er nemleg smykka med dei høgaste fjella i Nord-Europa, med Galdhøpiggen og Glittertinden som dei to høgaste. Her kan du vandre opp i høgden til ein topp – og speide utover tinderekkene, gå frå hytte- til hytte på godt merka sti, få nærkontakt med blåisen på brevandring – eller berre kose deg i solveggen. 

Foto: Svein Erik Knoff, Brevandring

«Alle vegar fører til Lom!» – så kom!  
Midt i kremen av fjellheimen ligg nasjonalparklandsbyen Lom flott til under mektige Lomseggen (1289 moh.), og utgjer eit kryssingspunkt mellom aust og vest. Her kan du nyte det sjarmerande bygdesentrumet og overnatte på hotell eller hytter, la ungane springe fritt omkring på camping eller leve tett på dyra på ein sjarmerande gard, og samstundes ha stutt veg til både fjell og fjord.  

Lom er ei kulturhistorisk fjellbygd velkjent for sin særeigne arkitektur – med ei av landets eldste stavkyrkjer som sentrumsjuvel. Kring elva Bøvra – som renn vill og kvit utfor Prestfossen (kor du forresten kan suse over i zipline !), finn du restaurantar som serverer stuttreist lokalmat, trivelege kafear, kanskje landets mest kjente bakeri – og ikkje minst spennande butikkar. Eit genialt fotturkart syner deg alle turane du kan gå på godt merka sti – frå sentrum.  

Lom stavkyrkje, ei av dei største og eldste stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja vart bygd midt på 1100-talet og har sidan vore hovudkyrkja i Lom. Foto: Mari Arnøygard Wedum

Om du har med deg familien på tur, kan du til dømes rusle opp til Kusletta, som er ein del av vandreturen «Setervegen til fjells» og nyte utsikta over sentrum, innan dykk tek ein tur i klatreparken i sentrum, besøker utstillinga «Frose i tid» på Norsk fjellsenter eller stikk innom steinsenteret i Lom, som har landets største samling av mineraler og smykkesteinar. Nyt ein betre lunsj på ein av kafeane i sentrum, ein bolle og god kaffe på bakeriet eller ein diiiger is frå isbaren.  

Dei fleste som besøker Lom og omland, reiser att med kjensla av at «ein skulle hatt fleire dagar her». Så ver føre-var, og legg inn fleire dagar til å utforske fjellheimen i sommar. Eit tips til ei eventyrleg oppleving, er å vere med ein breførar til ein mektig isbre – for å utforske både sprekkar og istårn. Da går du i taulag, med stegjern på føtene og isøks i hendene, som er ei kul oppleving for både liten og stor.  

Visste du forresten at det finst 10.000 år gamle kalksteinsgrotter i Dumdalen, på Sognefjellet, kor ein verkeleg kan utforske undergrunnen? Dette er ein guida aktivitet – som òg funkar bra på regnvêrsdager (sjølv om området faktisk er av dei tørraste i heile landet!). 

Og om du ikkje er heilt ferdig med vinter og skikøyring, finn du Galdhøpiggen sommerskisenter ved foten av Galdhøpiggen, kor du kan køyre alpint på ein isbre om sommaren! I same område ligg dessutan Klimaparken og istunnelen, som absolutt er verdt eit besøk. Her kan du vandre inn i ein stor handhogd istunnel og ta på 7000 år gamal is, og lære om jakthistorie, klimaendringar og arkeologiske skattar. 

Klimaparken. Foto: Live Andrea Sulheim

Høgfjellssommar på trivelege turisthytter  
Lom sentrum er krinsa av heile 3 nasjonalparkar, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Området er kjent for sin majestetiske fjellnatur – som gir flust av turmoglegheiter til både høge og litt lågare utsiktspunkt. Eller kva med å ta med fiskestong for å teste fiskelykka i eit klart fjellvatn? Kanskje får du ein sprellande fjellaure på kroken! Her har du enkel tilgang til alt i frå lettgåtte dalar og dei fleste av landets 2000-meterstoppar – til den ikoniske turen over Besseggen.  

Jotunheimen har landets høgaste fjell, milevis med merka stier og trivelege turisthytter.  
Foto: Mari Wedum, Bukkelægret

Strategisk plassert mellom fjelltoppane finner du eit rikt utval av overnattings- og serveringsstader som har lang tradisjon i å ta vare på kresne og eventyrlystne fjellturistar. Her kan du faktisk bu på den same fjellhytta i fleire dagar, og likevel gå nye dagsturar kvar einaste dag. Det er dessutan mogleg å oppleve fjellet frå hesteryggen i ein eller fleire dagar. 

Om du ikkje er kjent, og ynskjer å oppleve brevandring, eller sikre deg den råaste utsikta, tek fjellvante guidar deg gjerne med på tur – med fokus på sikkerheit og meistring. Og manglar du noko til fjellturen, finn du det meste av både sko, klede og turutstyr i Lom sine mange sportsbutikkar.  Det er òg mogleg å leige turutstyr i området, både i Lom sentrum og hjå ein del av turisthyttene til fjells.  

Foto: Marit Tangvik, Lom Sentrum

Kulturen og den lokale kortreiste maten har stort fokus i området, så du kan unne deg smakfulle opplevingar både før og etter fjellturen. Stikk innom lokalmatbutikken Smak i Lom for å kjøpe med deg stuttreiste smakar heim. Og er det «ølhundar» med på tur, er det verdt å ta turen innom Lom bryggeri, som inviterer til både ølsmaking, historieforteljing og pub i bryggeriet. 

Her finn du faktisk «alt i ei bygd», mellom høge fjell og grøne dalar. Utforsk brear, fjell, kultur, varierte aktivitetar og lokalmat i verdsklasse i Jotunheimen i sommar. Vi tør love at det blir både gøyalt (eller «løyle» som vi seier på dialekt…), smakfullt og minnerikt! 

Velkommen til fjells!  

Fjellbygdene kring Jotunheimen er ei perfekt «base» for ein gøyal, smakfull og opplevingsrik sommar. Foto: Live Andrea Sulheim

Her er 10 tips til kule familieaktivitetar i og kring Lom og Jotunheimen 

  1. Zipline over Prestfossen: Få deg eit skikkeleg adrenalinkick ved å suse i zipline over den brusende Prestfossen i Lom sentrum. Prestfosstraversen har drop-in – og startar rett utanfor Norsk fjellsenter. 
  1. Oppdagingsferd i blåisen: På brevandring kjem du tett på bresprekkar, grotter og istårn i isen, trygt ivaretatt av ein erfaren breførar, og lærer om korleis isbreane har forma landet vårt gjennom tusenvis av år. Mogleg for barn frå 6 år.  
  1. Tett på skattar frå isen: “Frose i tid” er Norge si største utstilling av unike funn frå isen i fjella  – på Norsk fjellsenter i Lom. Her finn Norges eldste sko og best bevarte skipar, ein 500 år gammal hund og andre unike og ekstremt vel bevarte funn. Ope kvar dag frå kl. 9-19 (9-17). 
  1. Til fjells på hesteryggen: Opplev fjella og naturen frå hesteryggen. Fjelleventyret i Skjåk tilbyr rideturar til fjells (aldersgrense 12 år) og leieturer for dei minste (fra 5 år).  Raubergstulen turisthytte har 1-3 timers rideturar ved foten av Galdhøpiggen. 
  1. Stein-jakt: I «gratistippen» utanfor Fossheim steinsenter blir det dagleg fylt på med sjeldne og fargerike steinprøvar som barna kan plukke med seg heilt gratis! På steinsenteret finn du dessutan landets største utval av mineral og smykkesteinar. 
  1. Test fiskelykka: Ta med deg fiskestanga og kombiner en kort eller lang fjelltur med ørretfiske i et fjellvann. Midt i nasjonalparklandsbyen Lom kan du dessutan fiske med stang, oter eller snøre i elva. 
  1. Utfordre høgdeskrekken: La ungane få utløp for energi i klatre- og aktivitetsparken i sentrum, eller i den spektakulære Galdhøpiggen klatrepark som ligg ved foten av Galdhøpiggen. 
  1. Utforsk istunnelen og Galdhøpiggen: I Klimapark 2469 kan du vandre 70 meter inn i isen – 7000 år tilbake i tid, og utforske isskulpturer og arkeologiske skattar. Ope kvar dag frå midten av juni. I same område, frå Juvasshytta går det daglege guida turar til Norges tak; Galdhøpiggen. Aldersgrense: 7 år. 
  1. Norges beste kanelboller?: Bakeriet i Lom er viden kjent for sine luftige kanelbollar. I områda i og kring Lom kan du oppleve den rike og unike matkulturen gjennom alt frå husmannskost og gastronomi i verdensklasse - til lokalmatutsal og kafear med smørbrød, kaker og smårettar.  
  1. Stå på ski: Ved foten av Galdhøpiggen kan du stå på ski på ein isbre 1850 meter over havet. Galdhøpiggen sommerskisenter har ein t-krokheis og er ope kvar dag kl. 9-15. Ved Sognefjellshytta blir det køyrt opp langrennsløyper om sommaren.  

Du finn fleire tips, inspirasjon og informasjon på nettsida vår:  

www.visitjotunheimen.no  

Bilete øvst i artikkelen er teke ved Høyrokampen (1440 moh) som er ein fantastisk fottur på Sognefjellet – med rå utsikt og vandring i frodig høgfjellslandskap. Foto: Mari Arnøygard Wedum

Logo til Visit Jotunheimen

Om forfatteren Visit Jotunheimen

Visit Jotunheimen er det offisielle destinasjonsselskapet for regionen Jotunheimen og Lom. Med dyp kunnskap om området og et genuint engasjement for å fremme alt det regionen har å tilby, er Visit Jotunheimen spesialistene på opplevelser i dette majestetiske fjellandskapet. Selskapet gir besøkende de beste tipsene for turer, aktiviteter og lokal kultur, og hjelper deg med å få mest mulig ut av ditt besøk til Norges høyeste topper og de vakre dalene.