Blogg

Opplev ekstremsportbygda Voss!

Flag Jumps Voss Fallskjermklubb

Om du ynskjer ein innhaldsrik ferie med nye opplevingar må du ta turen til Voss. På sommaren er det fantastiske moglegheiter for fjellturar, fallskjermhopping, rafting og mykje anna! Du kan ta Nord-Europas største og mest moderne gondolbane opp til Hangurstoppen 818 meter over havet. På toppen er det ein restaurant, og fleire ulike turstiar for små og store.

Hangurstoppen. Foto: Karoline Fosse

Voss er kanskje mest kjent for Ekstremsportveko, som er Europas største ekstremsportfestival, der utøvarar frå heile verda kjem for å delta og sjå på sporten og ulike musikkinnslag ei heil veke. I 2024 var veka frå 23. juni – 30. juni.

Rafting grad 2. Foto: Voss Active

Reiser du til Voss på vinteren er det to ulike skianlegg ein kan bruke; Voss Resort og Myrkdalen. Du kan også nytte høvet til å gå trugeturar, langrenn eller toppturar på randonee. Om det blir litt kaldt er det sjølvsagt fleire moglegheiter for innandørs aktivitet. Hjå Voss vind kan du flyge inne i trygge, varme omgjevnader, utan noko forkunnskap.

Ingebjørgfjellet. Foto: Lars Korvald

Men korleis reiser du til Voss? Det går tog til Voss både frå Bergen og Oslo. Det er også mogleg å kome seg hit med buss eller eigen bil.

Voss stasjon er navet for kollektivtrafikk i bygda. Her kan du ta lokale bussar frå stasjonen, eller ta gondolbanen opp på fjellet. På gatenivå finn du også Voss Turistinformasjon som kan hjelpe deg med det du lurer på.

Toget ankommer Voss. Foto: Visit Voss

Reisa til Voss byr på unike kulinariske opplevingar. Det mykje omtala pålegget Vossafår og delikatessene smalahove og vossakorv er berre tre av mange gode matopplevingar du kan få her. Dei fleste av resturantana i og rundt Voss brukar lokale råvarer og kortreist mat når dei serverer heimelaga rettar. Vangen Cafe og Flor’n på Store Ringheim er nokre av dei som nytter lokale råvarer og leverandørar.

Utsikt over Voss. Foto: Erik Østlie

Me har eit lokalt bryggeri på Voss – Voss Fellesbryggeri, som lagar mykje godt øl som høver til maten. Dei opnar også dørene for ølsmaking. Vil du læra meir om dei unike bryggetradisjonane på Voss kan du ta turen til Eldhuset Dale, som bryggjer på tradisjonelt vis.

Eldhuset Dale på Voss. Foto: Karoline Fosse

Det er fleire unike overnattingsplassar både i og utanfor Voss sentrum. Dei tre store hotella Scandic Voss, Fleischers Hotel og Park Hotel Vossevangen ligg i sentrum med kort avstand frå buss- og togstasjonen. Vil du prioritere opplevingane kan du bu sosialt og komfortabelt hjå Voss Vandrarheim berre 800 m frå sentrum eller hjå Haugo utleige 1,5 km frå sentrum. Utanfor sentrumskjerna finn du overnattingsstader som Voss Lodge Rongastovo, Eenstunet, Staupstunet, Rongahuset BnB, Lilandtunet Gjestgiveri, Sivle Gard, Fennebu og Mjølfjell Ungdomsherberge.

Hedleberget. Foto: Visit Voss

Er du på utkikk etter campingplassar har du fleire å velgje mellom. I sentrum ligg Voss Camping. Ved golfbanen er det bubilparkering. 12 km frå sentrum mot Hardanger ligg Flatandsmo Camping. I Myrkdalen finn du Myrkdalen Camping.

Vangsvatnet. Foto: Visit Voss

Om du vil koma tett på naturkreftene anbefalar me å besøkja nokre av fossane som omkransar Voss, som Tvindefossen eller Skjervsfossen. Bordalsgjelet er også ein flott naturattraksjon som ligg i gåavstand frå sentrum. Der får du sjå korleis isen har forma landskapet gjennom mange tusen år. Ein tur ned Stalheimskleiva på sommaren er også eit «must». Hangurstoppen er et perfekt startpunkt for fjellturen, ein liten runde med barnevogna rundt panoramaløypa for ei nydeleg utsikt over Voss. Grebbesløypa er ein flott rundtur for borna, ca 3 km i småkupert fjellterreng på Hangurstoppen.

Stalheimsfossen. Foto: Karoline Fosse

Det er også gode høve for sykling. Med utgangspunkt i Voss sentrum får du tilgang til ei rekkje varierte og lett tilgjengelege sykkelruter for tursykling og landevegssykling. Du kan sykla frå fjell til fjord i spektakulær natur, lengre landevegsetappar der ein får idylliske vatn og flotte fossar, eller kortare og familievenlege turar. Du kan også kombinere Bike&Hike ved Nærøyfjorden og få ei heilt magisk oppleving.

Guida mtb-tur med Outdoor Norway

Me er rike på historie – og den er heldigvis godt ivareteken.

Voss Folkemuseum ligg på Mølstertunet. Der står det 16 bygningar, akkurat slik dei var då folk budde her og dreiv gardsbruk for fleire hundra år sidan. I tunet er dei fleste husa opne slik at du kan gå rundt på eiga hand. Ynskjer du omvising er det inkludert i billettprisen og går kvar heile time i sommarsesongen. I juli vert det spela folkemusikk fleire gonger om dagen, og fredagar i juli bakar Bygdekvinnelaget tradisjonell bakst. Eventyrlege Mølster for born tilbyd utkledningskrok og teiknebord, stylter eller jakt i husa.

På Voss finn du mange fine badeplassar. Foto: Visit Voss

På Finnesloftet får du oppleva ein gildesal frå melliomalderen – år 1295, den eldste profane trebygningen i Noreg! Det er også verdt å vitje Vangskyrkja frå år 1277 midt i Voss sentrum.

Lurer du på meir om Voss er det berre å ta turen innom Turistinformasjonen. Hjå oss får du god og nyttig informasjon, samt hjelp til å booke aktivitetar, gondolbillettar og rundturar. Velkomen innom!


Bildet øvst i innlegget er frå Voss Fallskjermklubb.

Visit voss logo

Om forfatteren Visit Voss

Visit Voss inviterer deg til å oppleve alt det Voss har å by på, fra storslått natur til spennende aktiviteter året rundt. Voss er kjent som Norges ekstremsporthovedstad, og tilbyr alt fra fallskjermhopping og paragliding til rafting og klatring. Vinterstid kan du nyte fantastiske skiforhold i Voss Resort og Myrkdalen. Oppdag også den rike kulturarven med tradisjonell folkemusikk og lokale matopplevelser. Med Visit Voss som din guide, får du den beste starten på ditt neste eventyr!