Nå er lufta ekstra frisk. Naturen fyrar i gang ein rå fargefest – og du og gjengen din er invitert til den smellvakre hausten i Jotunheimen.
Nasjonalparklandsbyen Lom ligg flott til under mektige Lomseggen (1289 moh.), og utgjer eit kryssingspunkt mellom aust og vest. Her er det stutt veg til både fjord og fjell. Lom er ei kulturhistorisk fjellbygd velkjent for sin særeigne arkitektur, og med ei av landets eldste stavkyrkjer som sentrumsjuvel. Her finn du restaurantar som serverer stuttreist lokalmat, trivelege kafear, kanskje landets mest kjente bakeri – og spennande butikkar. Alt samla i gåavstand kring breelva Bøvra som renner vill og kvit utfor Prestfossen. Frå sentrum går det fleire godt merka fotturar til fine utkikkspunkt. Kvile og eta gjer du på hotell eller hytter, på camping eller ein sjarmerande gard.

Jotunheimen er kjent for majestetisk fjellnatur med høge fjelltoppar, ja, faktisk dei høgaste i Norge, og flust av dagsturmoglegheiter til både 2000-meterstoppar og andre lågareliggande turperler. Ta kontakt med oss, så skal vi inspirere deg!

Fjellbygda Lom er med andre ord ei perfekt «base» for ein gøyal, smakfull og opplevingsrik hausttur, anten det er ferie, helgetur eller «helg midt i veka». Her er du forresten midt i matfatet for stuttreiste måltid, og kan oppleve den rike og unike matkulturen gjennom alt frå husmannskost og gastronomi i verdsklasse – til lokalmatutsal og ferske bollar på det kjente bakeriet i Lom.

Velkomen til bords og til fjells i haust!
Her er våre 10 hausttips til aktivitetar i Lom og Jotunheimen:
1: Dagstur til Lomseggen: Lomseggen (1289 moh.) ruvar over Lom og er umogleg å ikkje legge merke til når du kjem mot sentrum frå aust. Om du ikkje har vore på toppen av Lom sitt «bygdafjell», er stikkorda: Majestetisk utsikt, høg puls og vakker natur. Følg gul merking frå sentrum. Lengde: 9,5 km (tur-retur) | Stigning: 900 høgdemeter | Tidsbruk: 4-5 timar (tur-retur).

2: Utfordre høgdeskrekken: Få utløp for energi i den spektakulære Galdhøpiggen klatrepark som ligg ved foten av Galdhøpiggen. Her er det flere ruter med både ziplines og klatreutfordringer som passer for hele familien, og som også utfordrer de tøffeste i gjengen. Ope for grupper på bestilling via Raubergstulen turisthytte.
3: Opplev fjellsmaken: Om hausten bugnar naturen av lokale råvarer. Det veit lokale serveringsstader å nytte seg av. Dei serverer måltider som ofte består av kjøtt som rein, hjort, elg og lam som har gått på beite i fjellene og skogene i området. Bær og sopp blir sanka i skogen, og mange urter og grønnsaker er dyrket organisk. Fjellvann og elver er sankesteder for fersk fisk.

4: Ølsmaking: Lom bryggeri produserer øl under merkevara Lomb. Bryggeriet ligg i det som ein gang var fjoset på Grjotheim gard i Lia i Lom. Her er det òg brygg- og gardsmatutsal – og eigen bryggeripub på låvebrua. Ta med deg vener og kollegaer på ølsmaking med bryggeriomsyning og historiefortelling.
5: Besøk steinsenteret: På Fossheim steinsenter finner du landets største utval av mineral og smykkesteinar – og verdas eldste stein! Dei produserer dessutan sine eigne smykkar. I «gratistippen» utanfor steinsenteret blir det dagleg fylt på med sjeldne og fargerike steinprøver som barna kan plukke med seg heilt gratis!

6: Utforsk blåisen: På brevandring kjem du tett på bresprekkar, grotter og tårn i isen, trygt ivareteke av ein erfaren breførar. Du kan krabbe gjennom istuneller, bli firt ned i ein sprekk eller klatre med isøks i ein isvegg.
7: Frose i tid: Norsk fjellsenter kombinerer lek og læring, slik at det blir like moro for både store og små. I værrommet kan du få tåke, lyn og torden rett i fletta. Du kan forme ditt egne landskap i sand og vann, bygge fjell og oversvømme dem i sandmodellene, og ungene kan prøve seg i rebusløpa inne i utstillinga. Utforsk skattar frå breisen i utstillinga «Frose i tid».
8: Fjellfisking i Jotunheimen: Tilfør enda ei oppleving på fjellturen – ved å teste fiskelykka i over 200 fjellvann og 300 kilometer med fiskeførande elver. I Jotunheimen finn du alt i frå lett tilgjengelig og barnevennleg fiske ved innfallsportane til nasjonalparken – til dei meir bortgjømte perlane med ekte fjellaure i dei sentrale delane av Jotunheimen. Fiskekort får du kjøpt på www.inatur.no

9: Tur til Tverrådalskyrkja: Denne toppen kalles «dronninga av Breheimen» og er ein majestetisk 2000-meterstopp i Breheimen nasjonalpark, og den høgaste «fjellkyrkja» i landet. Toppen er tilgjengeleg på dagstur fra Sota sæter. Lengde: Ca. 21 km (tur-retur) | Stigning: Ca. 1300 høgdemeter | Tidsbruk: 7 – 9 timar (tur- retur).
10: Handel – og kafétur: Lom sentrum har et rikt utval av butikker, restauranter og kafear. For ikkje å nevne det som kanskje er Norges beste og mest kjente bollar på Bakeriet i Lom. Om du ruslar Bergomsrunda, ein triveleg rundtur til fots i Lom nasjonalparklandsby, får med deg det aller meste som er verdt å sjå i sentrum. Titt innom for ein god handel på dei mange fine butikkene – og avslutt med en god lunsj eller ein tur på kafé!

Se flere tips og inspirasjon på: visitjotunheimen.no